patterns > DropleDesign
> Tova Tjukkselbu
Tova Tjukkselbu
Tova Tjukkselbu
Tova Tjukkselbu er tjukke tovavottar inspirert av dei klassiske selbuvottane. Denne modellen er stor og god, perfekt til
å ta på seg når det er skikkelig kaldt! Vottane strikkast på pinne 6 mm og 4.5 mm på vrangborden. Tommelen
strikkast til slutt der du har strikka inn ein kontrasttråd. Du kan også velje mellom to typer vrangborder, alt ettersom
du ønskjer å dra vottane utanpå jakka eller bruke dei inni jakkermet. Perfekt gåvestrikk!
Størrelseguide & plaggets mål
Veiledande størrelse Vaksen
Ca. Lengde heil vott før toving 35 cm
Ca. garnmengde farge 1 90-100 g
Ca. garnmengde farge 2 60-100 g
Garn
Garn: Istex Alafosslopi (100% islandsk ull, 100 m pr 100 g)
Garnalternativ: Blåne pelsullgarn (100 % norsk pelsull, 114 m pr 100 g)
Farge på strikkemodell på framsida:
Garnfarge 1: Alafosslopi Highland green 1230
Garnfarge 2: Alafosslopi Ecru 9972
Strikkefastleik pr 10 cm:
15 m pr 10 cm før toving på pinne 6.0 mm
17 m pr 10 cm før toving på pinne 4.5 mm (Settpinnar eller 30-40 cm ermepinner)
Veiledande pinnestørrelse for mønsterstrikk:
6.0 mm og 4.5 mm eller den pinnestr du må ha for å oppnå oppgitt
strikkefastleik. Her er det viktig å måle prøvelapp strikka rundt, då ein mest sannsynleg har anna strikkefastleik når
ein strikkar mønsterstrikk ”fram og tilbake” kontra rundt.
Veiledande pinnestørrelse vrangbord:
4.5 mm til vrangbord eller 1.5 mm mindre enn du har på mønsterstrikk.
Strikketips/størrelseveiledning
Vottane kjem i kun ein størrelse og er litt romsleg til S/M/Dame og sitt som støpt på L/XL/Herre. Det kjem litt an på
kor mykje ein tover vottane. Vottane på framsida er tova på 40 grader finvask med milo, og du kan framleis sjå
maskane og strekke i dei. Du kan alltids tove vottane ein ekstra omgang for å få dei endå mindre, evt strikke med
mindre pinnar. Bakerst i oppskrifta finn du fullt diagram av vottane. Hugs å strikke ein venstre og ein høgrevott,
samt les om dominerande farge på side 3.
19061 projects
stashed 16745 times
345 projects
stashed 215 times
- First published: November 2019
- Page created: November 28, 2019
- Last updated: November 11, 2020 …
- visits in the last 24 hours
- visitors right now