patterns > Annerledes
> T-10 genser
T-10 genser
Dette er ein deilig lett genser som kan brukast i kombinasjon med T-10 skjørtet eller med heilt andre klede. Det er foreslått to ulike lengder – ein til midja og ein til hoftene. Genseren er strikka frå toppen og ned, og aukingane i berestykket er inkludert i holmønsteret.
T10 er ein rundskjerm utvikla av det amerikanske forsvaret på 50-talet. I dag blir kan brukt militært, men har tidlegare også vore brukt av sivile fallskjermhopparar. (Mills Manufacturing, 2019, henta frå http://www.millsmanufacturing.com/products/t-10-parachute...)
Storleikar: Mine oppskrifter tek utgangspunkt i verkelege kroppar og ikkje i kjedebutikkane sine standardar. Difor er det ekstra viktig at du samanliknar dine kroppsmål med måla oppgitt i oppskrifta.
Strikk etter storleiken som er nærast ditt overviddemål.
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål:
Overvidde: 82 (91) 100 (109) 118 (127) cm
Heil lengd lang: 57 (59) 61 (61) 63 (63) cm
Midje på kort variant: 61 (68) 80 (91) 106 (109) cm
Heil lengd kort: 45 (46) 46 (47) 47 (48) cm
Garn:
Værbitt Venull Finslig ()
Brukar du eit anna garn, pass på å få om lag like mange meter som oppgitt. Ved bruk av anna garn kan plagget endre uttrykk. Forslag til andre garn er Rauma Finull
Ønsker du eitt tettare stoff er også Rauma 3. tråds heilt supert, og ønsker du meir fall funkar Sandnes Alpakka veldig bra.
Kort: 250 (300) 300 (350) 350 (400) g
Lang: 300 (300) 350 (400) 400 (450) g
Strikkefastleik: 22 m glattstrikk = 10 cm
27521 projects
stashed 17159 times
6320 projects
stashed 5645 times
8466 projects
stashed 5297 times
- First published: February 2019
- Page created: February 10, 2019
- Last updated: February 10, 2019 …
- visits in the last 24 hours
- visitors right now