patterns > Bladet Garn > Bladet garn 06/2018
> Fjell i det fjerne
Fjell i det fjerne
Tskjorta blir strikka fram og tilbake i eitt stykke frå det eine ermet til det andre. Til slutt blir ho sydd saman i sidene og under ermene. I plagget er det berre brukt rette masker. Dette gjer det enkelt å strikke blånemønsteret. Blånemønsteret er foran, medan
ermene og bakstykket er einsfarga. Om du ikkje vil lage blånemønster kan du også strikke tskjorta einsfarga.
STORLEIKAR
XXS (XS) S (M) L (XL) XXL
MÅL
Overvidde: 86 (90) 96 (100) 110 (120) 130 cm
Heil lengd: 58 (60) 63 (66) 69 (72) 73 cm
Ermlengd: 12 (12) 13 (13) 14 (14) 15 cm
For å finne rett storleik, mål ei tskjorte som passar, og strikk den storleiken som måler nærast i heil lengd. Det går også fint å strikke ei tskjorte med den heile lengda (masketalet) til ein storleik, og overviddemålet (det som er oppgitt i cm) til ein annan.
GARN
Rauma Finull (100 % norsk ull. 50 g = 175 m) eller anna garn som kan gje 20 m på 10 cm
(Til dømes Dale Lerke, Sandnes Line eller Pt Petunia). Brukar du eit anna garn, pass på å få om lag like mange meter som oppgitt. Ved bruk av anna garn kan plagget endre uttrykk.
Farge 1 (Lys blå 4406): 250 (250) 300 (300) 350 (400) 400 g
Farge 2 (Marineblå 0449): 50 g
Farge 3 (Mellomblå 0451): 50 g
Farge 4 (Blå 0438): 50 (50) 50 (50) 100 (100) 100 g
Einsfarga variant:
Farge 1: 300 (350) 350 (400) 400 (450) 500 g
STRIKKEFASTLEIK
20 m rillestrikk = 10 cm
Pinnar: 4 mm eller det du treng for å få rett strikke fastleik.
27703 projects
stashed 17383 times
1405 projects
stashed 729 times
3444 projects
stashed 2059 times
10663 projects
stashed 5547 times
- First published: June 2018
- Page created: July 8, 2018
- Last updated: June 9, 2019 …
- visits in the last 24 hours
- visitors right now